Ended

Vårryddedagen

Hosted by:

Ryddeaksjonen skjer før ferdselsforbodet for å verne hekkande fugl trer i kraft 15. april. Så hugs å ta omsyn til dyrelivet, same når du ryddar. Du kan rydde langs elvar, innsjøar, strendar, holmar, øyar, stiar og i nabolaget – eller der du tenker det trengst ei god opprydding. Spesielt etter at snøen har smelta blir avfallet i naturen meir synleg.

Vil du bli med og rydde?

Du kan rydde sjølv eller sette i gang din eigen ryddeaksjon. Engasjere skuleklassar, nabolag eller idrettslag, eller få med bedrifta di. På Rydde Norge kan du registrere deg som bruker og opprette ryddeaksjonar som er opne for påmelding, eller sjå etter eksisterande ryddeaktivitetar som er opne for påmelding. Om du registrere ein ryddeaksjon kan du dele denne vidare, så folk kan melde seg på der. På sidan kan ein også registrere kva type avfall ein finn og kor mykje, og legge inn bilete frå ryddinga.

Utstyr

Alt du treng er eit par hanskar, sekk eller pose og ein plan for avfallshandtering før ein går ut og plukkar søppel.

På kommunehuset i Eivindvik vil du finne gratis hanskar og sekker ei veke i forkant av vårryddedagen. Treng du større mengder kan hanskar og sekker bestillast her: Gratis ryddeutstyr - Hold Norge Rent. Hugs at hanskane kan brukast lenge!

Mindre mengder avfall kan kastast heime hos deg sjølv i restavfallet. Har du større mengder kan det leveres på NGIR sine gjenvinningsstasjonar eller mobil avfallsstasjon Mobil gjenvinningsstasjon - NGIR i april:

  • Prestekaia Eivindvik: 11.04.2026, kl. 08.30-14.30
  • Steine (ved Posten): 18.04.2026, kl. 09.30-15.00
  • Brekke ferjekai: 25.04.2026, kl. 09.00-14.00

Vi har eit felles ansvar for å ta vare på naturen, så vi håpar du også blir med! Men du kan også rydde heile året, når det passar deg. Send gjerne bilete og nokre ord om ryddinga og kven de er, så lagar vi ei sak om det på nettsida til kommunen, til inspirasjon for andre. Send til: nini.heggernes@gulen.kommune.no

Category
Debate

Copy link for sharing to facebook groups

March 20, 2026, 23:00 — March 21, 2026, 22:59

Practical Information

PlaceDer du er
AddressGulen, Norge
Contact person

If you have any questions, please do not hesitate to contact us

Map