Er du 60+ – eller berre nysgjerrig på kva som finst av aktivitetar, tilbod og moglegheiter i kommunen? Då håpar vi du tek turen til seniorkonferansen i Risnehallen måndag 12. oktober!
Dette er ein dag for både dei som framleis ikkje heilt kjenner seg som «senior», og dei som har god erfaring med pensjonistlivet. Her vert det nyttig informasjon, inspirasjon, kulturinnslag, lunsj og høve til å møte andre.
Ta gjerne med ein ven, nabo eller nokon du trur kan ha glede av dagen.
Arrangementet er gratis, og lunsj er inkludert.
Påmelding innan 30.September her i Friskus eller på
Epost: maren.daae.eide@gulen.kommune.no
SMS: 40446022